Post by HH on Aug 26, 2016 20:56:01 GMT
Iluka har annonsert sin H1 rapport her.
Det går fram av rapporten at rutilprisane har stege 50 -90 dollar/tonnet det siste halvåret. Dette er veldig interessant dersom ein ser litt nærmare på slide 22. Prisen og etterspørslen for ilmenitt har gått ned og det er høgare etterspørsel etter høgeverdig konsentrat rutil/SR.
På slide 22 går det fram at Asia importerer veldig lite rutil/SR til tross for at Kina er den største pigmentprodusenten i verda. Forklaringa til dette står under:
"China currently accounts for minimal sales volumes (<5 thousand tonnes) of high grade chloride feedstocks given its overwhelming sulphate pigment base. Small tonnages are, on occasions, sold into the China welding sector, but these are not material from a revenue point of view"
Kina som er den største pigmentprodusenten i verda, importerte altso mindre enn 5000 tonn rutile fra Iluka som er ein av dei viktigaste leverandørane av rutil. Dette tyder på at den totale tonnasjen av importert rutil, ikkje er stor.
Det står også i utdraget at Kina har store lager av illmenittbasert råstoff for sin titandioksidproduksjon og at dei no tærer på desse lagera, samt at det er fortsatt er sulfatprosessen som dominerer.
Eg har lest fleire artiklar der det vert stadfesta at Kina jobber med å legge om til kloridprosessen, og dette vil på sikt medføre at det vil bli meir behov for rutil og SR. Slik som eg forstår har ikkje Kina noko rutilproduksjon fra mineralsand. Dette er vel også årsaka til erfor dei fokuserer på å utvikle førekomstar av rutil fra fast fjell. Sjølv om desse vert operative vil dei ikkje kunne dekke Kina sitt behov for råståff, eg har lest at Kina har rundt 200 - 300 mill tonn med malm totalt når ein legger saman førekomstane fra hard fjell.
Tala fra Iluka sin rapport indikerer at Kina ikkje har starta overgangen til rutilråstoff enda, med dei konsekvensane det får for etterspørsel, tilbod og pris. Ut ifra rapporten er det nærliggande å tru at Kina vil tære på sine lager av illmenittbasert råstoff til desse er brukt opp, før ein ser den store omlegginga til klorprosessen. Dette er logisk sidan det gjev meining å nytte det råstoffet som allereie er på lager før dei legger fullstendig om til klorprosessen. Når dette skjer vil ein få det som eg kaller for "kinaeffekten" og som er korleis Kina sitt behov eller mangel av dette, vil få direkte konsekvenser for prisinga av ein råvare. Slik eg ser vil denne påverknaden vere betydleg fordi i tillegg til å dekke det behovet som går med til å dekke en pågåande pigmentproduksjonen, vil Kina også mest sannsynleg gradvis byggje opp sine strategiske lager av rutil etterkvart som industrien deira vert meir avhengig av råvaren.I tillegg til dette vil ein få etterspørselen etter rutil som etterkvart vil kome knytt til produksjon av titanmetall.
Sidan Kina ikkje har noko påverknad på rutilprisen for augenblikket, er det derfor veldig positivt at rutilprisane no går opp, sjølv om Kina ikkje har begynt å "forsyne" seg av denne råvaren enda. Kina er kjent for å byggje lager av viktige råstoff, derfor vil ein sjå ein gradvis og kanskje litt seinare overgang til klorprosessen i Kina pågrunn av lagera, enn kva ein ser i andre delar av verda. Dette vil da vere naturleg sidan andre land mest sannsynleg ikkje har same lagerkapasiteten som Kina som har strategiske lager for fleire råvarer og er kjent for å hamstre råvarer når desse er på "billigsal". Den auka etterspørselen etter rutil i dei andre marknadane som Iluka opererer kan ha kome som eit resultat av at desse marknadane har lagt raskare om til klorprosessen.
Iluka har i sin rapprt oppgitt at dei vil bruke 2 år på å senke sine lager til før 2012 nivå. I forsyningskjeda vil det vere samla opp ein del råstoff slik at utjamninga med tanke på tilbod og etterspørsel vil ta litt tid. Men sett opp mot realiseringa av Engebø der det vil gå minst 3 -4 år før ein er klar til å produsere, bør dette vere god timing med tanke på omlegging til klorprosessen i Kina og resten av verda.
Eg tykkjer dette er veldig spennande og når Kina verkeleg skal inn på denne marknaden kan prisane bli veldig høge før den normaliserer seg i samsvar med det nye behovet på eit heilt anna nivå enn i dag.