Post by pling on Jan 30, 2016 14:04:41 GMT
Regional plan for vassforvaltning for Sogn og Fjordane vassregion 2016-2021
- Forvaltningsplanen skal innehalde oversikt over bruk av § 12 i regionen. Sidan rettleiar om bruk av § 12 vart vedteke 23.02.2015 har vassregionmynda berre fått kjennskap til at § 12 har blitt nytta for vurdering av nye inngrep/aktivitet for uttak av rutil frå Engebøfjellet.
- Vassførekomsten Førdefjorden Ytre er satt i risiko for ikkje å nå miljømålet om god tilstand etter at løye til drift vart gjeve (tabell 26). Under følgjer en oppsummering frå løyve gitt av Klima og Miljødepartementet og Miljødirektoratet til utvinning av rutil frå Engebøfjellet .
- Dersom gruveverksemd ved Engebøfjellet vert sett i verk, vil tilstanden i vassførekomsten Førdefjorden-ytre gå frå god økologisk tilstand til dårleg tilstand som følgje av dei fysiske endringane i botnforholda. Tilstanden til vassførekomsten er venta å bli svært dårleg så lenge deponeringa føregår og i lang tid deretter. Det er difor naudsynt med unntak etter vassforskrifta § 12 for å gi løyve til deponering av massane. Klima og miljødepartementet har vurdert at vilkåra for unntak er oppfylt.
- Miljødirektoratet meiner det berre er den fysiske endringa som fører til at vassførekomsten vert dårlegare og at ingen andre påverknader frå tiltaket vil gjere den økologiske tilstanden dårlegare.
- Direktoratet vurderer at tiltaket heller ikkje vil føre til at grenseverdiane for vatn og biotop vert overskride. Grenseverdiane for sediment kan brukast utanfor området som er sett av til deponi i reguleringsplanen og direktoratet meiner at disse grenseverdiane heller ikkje vil bli overskridne. Departementet slutter seg til direktoratets vurdering om at den kjemiske tilstanden i Førdefjorden-ytre ikkje fører til dårlig tilstand. Vurderingane til direktoratet og departementet er basert på opplysningane i søknaden, konsekvensutgreiinga, tilleggsundersøkingar og oppdatert informasjon frå bedriften om kjemikaliebruken. For å sikre at tilstanden i vassførekomsten og tilgrensa vassførekomstar ikkje vert dårlegare enn føresett er det stilt vilkår om overvaking, jf. punkt 12 i løyvet. Det vert og stilt vilkår om avbrotskriterier som sikrar at verksemda må stanse dersom overvaking viser at tilstanden blir dårlegare enn lagt til grunn.