|
Post by pling on Nov 8, 2015 17:14:51 GMT
Artikkel på NRK Sogn & Fjordane 27. juni 2013 Pilotprosjekt i Aurland kan få globale konsekvensarNordic Mining har stor tru på global suksess etter eit omfattande prøveprosjekt med utvinning produksjonsmateriale til aluminium frå mineral frå Gudvangen. - Mineralet anortositt, som det mellom anna finst mykje av i fjellområda i Nærøydalen i Aurland, kan danne grunnlag for ein langt lettare og meir miljøvenleg produksjon av stoffet alumina. - Pilotprosjektet som Nordic Mining har gjennomført med mineral frå Gudvangen syner at dette no er ein prosess som både er teknisk gjennomførbar og som brukar lite energi. - Det er klart at potensialet her i eit globalt perspektiv kan vere veldig store. Dei viktige drivarane er at ein kan få til ein produksjonsprosess som har fleire tilleggsprodukt frå mineralråstoffet og som er langt meir miljøvenleg, sler Fossum fast.
|
|