|
Post by HH on Aug 9, 2016 7:35:44 GMT
I det vidare arbeidet med PFS og BFS for Engebø er det fleire viktige spørsmål som må svarast på. Eit av desse er kva utvinningsgrad ein kan oppnå. NOM har offisielt gått ut med 60%.Mindre justeringar i dette talet vil gje stor påverknad på økonomien i prosjektet. Med dollar på 8,4 NOK, 1000$/tonnet og historisk estimat på 15 mill tonn rein rutil i førekomsten vil kvar % forbetring av dette talet medføre ein auke i prosjektverdi på 1,2 milliardar. Det som ein også bør merke seg i artikkelen fra TU, er firmaet som NOM har nytta til å utvikle prosessane for å auke utvinningsgrada til prosjektet, Outotec. Dette er det same firmaet som Keliber har nytta for å utvikle sine prosesser knytt til produksjon av Lithium carbonat. Det er også fra dette firmaet Keliber sin nye sjef kjem fra. Det er tydleg at NOM nyttar kompetanse og nettverk på tvers av prosjekta. Dette er veldig fornuftig. Med tanke på utvinningsgrad så kan eg også informere om at det er gjort forsøk med masser fra Fureviknipa (fjell utanfor Førde) i 1987. Dette er ein ekoglittførekomst som liknar på Engebøførekomsten. Her vart det oppnådd ein utvinningsgrad på opp til 75%. Det hadde vore veldig bra for prosjektet om ein kunne oppnå det same for Engebø-førekomsten.
|
|