|
Post by pling on Feb 24, 2016 17:28:56 GMT
Fra nrk.no 24. februar 2016- Eigarane av Nordic Mining vil tene om lag fire milliardar kroner på gruveprosjektet i Vevring, dette ut frå ein sannsynleg pris på rutil. Gruvedrifta vil også medføre 25 millionar kroner årleg i auka skatteinntekter til kommunane. - I løpet av den 50 år lange driftsperioden vil eigarane sitte igjen med om lag fire milliardar kroner etter skatt, rekna ut frå ein sannsynleg rutilpris. - Når det gjeld den to år lange investeringsfasen, tida det tar å byggje prosjektet ut, vil kommunane rundt gruva i Engebø sitte igjen med 320 millionar kroner. Dette utgjer innkjøpa i denne perioden. - I direkte verknader i driftsfasen (50 år) er det berekna at det vil bli investert for 150 millionar kroner årleg i underleveransar i Engebø-regionen. For heile landet vil dei årlege direkte verknadene kom på om lag ein halv milliard kroner, fortel Hynne. - I tillegg får ein ringverknader som mellom anna konsumverknadene frå dei tilsette. Då blir tala bli mykje større. Kor mykje større er det ikkje rekna på, seier Hynne. - Hynne viser også til at skatteinntektene til kommunane rundt Engebø vil føre til ein årleg auke på om lag 25 millionar kroner. - I dette inngår eigedomsskatt, personskatt for dei tilsette i Nordic Mining og personskatt frå underleverandørane. Dette er betydelege beløp som vil kome innbyggjarane til gode, seier Hynne. Den årlege eigedomsskatten er berekna til åtte millionar kroner.
|
|
|
Post by pling on Feb 24, 2016 17:37:15 GMT
Det er i gjennomsnitt beregnet netto fortjeneste på 4 mrd. dvs. 80 mill. pr. år. De første 10-15 årene skal det drives dagbruddsdrift, noe som gir en betydelig bedre margin pga. lavere produksjonskostnader. Netto fortjeneste pr. år i denne perioden vil derfor kunne ligge i nærheten av 50% av dagens Market Cap på ca. 250 MNOK for hele selskapet.
|
|